Nyhende

Kodeklubb våren 2019

Endeleg er kodeklubben Stord tilbake! Me startar opp med nye kurs veka etter vinterferien og held fram til påske, 6 samlingar.

Som før vil det bli 2 grupper, ei for 4.- 7. trinn, og ei for 7.- 10. trinn. 

Semester plan og tidspunkt:                                           

4.- 7. trinn: torsdagar 17:30-19:00, oppstart 07.03

7.- 10. trinn: torsdagar 18:00- 19:30, oppstart 07.03

Begge kursa vil pågå i seks veker, og vil halda til i HVL sine lokaler på Rommetveit (Annekset).

Kart til lokala på HVL Rommetveit:

Klikk her

 

4.-7. trinn vil ta føre seg grunnleggande begreper innan koding. Me tek i bruk Scratch, micro:Bit og Cubetto for å læra oss koding.

7. -10. trinn vil jobbe med CodeCombat, spelutvikling, javascript og litt elektronikk. For denne gruppa må deltakarane i utgangspunktet ha eigen PC. Kode klubben har nokre få PCar til utlån. Ta kontakt om du ikkje har eigen PC.

 

Ønskjer du å engasjera deg i kodeklubben?

Me ønskjer svært gjerne fleire i rettleiarkorpset i kodeklubben. Har du barn som ønskjer å delta i kodeklubben passar det fint om far eller mor er med som hjelpar. Kan du litt om teknologi eller kode, er det supert - men du kjem langt med litt teknologi-interesse også. - Møt opp - eller ta kontakt med oss på førehand.

 

Kontaktinformasjon

Dersom de har spørsmål kan de kontakta oss via vår Facebook-side (https://www.facebook.com/kodeklubbenstord/), eller via e-post til Alexander Polden (alexander@polden.net).

Påmelding